Wegard Harsvik

Wegard Harsvik tar feil om Ayn Rand

Torstein Haaland Ayn Rand, Epistemologi, Estetikk, Etikk, Filosofi, Objektivismen, Politikk

I sin kritikk av Ayn Rand og Objektivismen gjør Wegard Harsvik tyranni til godhet.

Red.anm.: LO-mannen Wegard Harsvik er igjen ute med ramsalt kritikk av Ayn Rand. I 2016 publiserte Harsvik et essay hvor han gikk til frontalangrep på Rand og hennes hovedverk, Atlas Shrugged. Høsten 2018 utga han og fagbevegelsesmannen Ingvar Skjerve boken Homo Solidaricus, hvor de vier et kapittel til å kritisere Rand. I forbindelse med boklanseringen har Harsvik fått inn kritiske leserinnlegg om Ayn Rand i Klassekampen, ABC Nyheter og Nordlys. Her følger et grundig tilsvar hvor Torstein Haaland gjendriver alle Harsviks påstander om Ayn Rand og Objektivismen fra hans 2016-essay, som har mange av de samme punktene som Harsvik gjentar i 2018. God fornøyelse!

Foto: Bernt Sønvisen / Flickr

Da tyranni ble godhet

av Torstein Haaland

Innhald

Introduksjon

I januar 2016 publiserte retorikk-ekspert og politiker Wegard Harsvik eit essay om Ayn Rands forfatterskap som i hovudtrekk er ein svartmaling av romanen De som beveger verden (Atlas Shrugged på engelsk).

I essayet forsøkte Harsvik å bevise at begrepet «godhetstyranni» var ein fiksjon. Grunna mangelfull kjeldegransking, kombinert med for Harsvik uflaks, endte Harsvik opp med å bevise det han skulle motbevise.

Harsviks innspel har tittel «Da godhet ble tyranni». Mykje tyder på at essayet heller burde heite heite «Da tyranni ble godhet».

Harsviks essay kunne eigentleg vore komisk, hadde det ikkje vore for at Harsviks angrep på Ayn Rands magnum opus, De som beveger verden, har blitt oppfatta som sanning hjå mange norske lesarar.

Dette notatet dokumenter at Harsviks omtale av De som beveger verden er feilaktig.

Ouverture: Historia om Dagny–Bakgrunn eller bakvasking?

Lilje og eføy

På fruktene skal de kjenne treet (Matteus, 7, 15–16)

«Dagny er direktør i eit landsdekkande transportfirma som ho har arva saman med broren. Dagny kler seg gjerne i blazer for å symbolisere makt. Kvar morgon står ho tidleg opp og dundrer inn på kontoret i eit høghus i storbyen. Sjølv om klodens miljøproblemer snart er Apokalyptiske, helsar ho kollegene med: «Det er ingenting som duften av fersk eksos om morgonen».

Dagny er nevrotisk oppteken av å holde rutetidene, og beordrer sjåførane å køyre mot raudt lys. Nokon gonger går transporten på heilt nybygde trasear, og ho krever at sjåførane dundrer på, sjølv om ikkje traseen er testa. Dagnys store forbilde er bestefaren som grunnla firmaet. Bestefaren likviderte ein politiker og kasta ein annan ut frå tredje etasje, fordi dei ville legge restriksjonar på businessen.

Dagny lever etter mottoet «Work hard, play hard». I kjærleikslivet liker ho kinky saker, som å bli dominert og innimellom bli fika til. Det er kanskje avreagering frå ein stressande jobb?

Ein dag er Dagny med kjæresten på biltur langt ute på landet. Dagny finn all den uberørte naturen kjedelig, og bruker tida på å planlegge firefelts motorveg, finansiert med reklameplakatar så tett at epilepsi-pasientar vil få anfall av strømmen av synsinntrykk. Men epilektikarar bryr ikkje Dagny seg om, ho er egoist og attpåtil stolt av det.

I ein landsby betrakter Dagny eit blomsterbed. I bedet står ei uskyldig kvit lilje, solidarisk omkransa av raude roser. Midt i idyllen, utan forvarsel, får Dagny eit anfall av ukontrollert sinne og hallusinerer. I sitt indre høyrer ho ei reklamesending for steorid-forsterka ugrasmiddel frå Monsanto, og i panna veks det ut eit plantegrev med tre tindar til å grave opp røter. Den indre stemma seier vidare med iskald røyst: «Det er ikkje ofte du ser det, men sjå på det, dette er eføy–giftig eføy».

Anfallet går over, og Dagny returnerer til storbyen. Dagny er på sosiale medier, og har pussig nok mange følgerar som likar leiarstilen hennar. Mange kvinner ønskjer seg blazer slik som Dagny, mest populær farge er mørkeblå. Det er ellers urovekkande mange der ute som deler tankesett med denne materialistiske og hjertelause skrulla. Det er viktig å advare gode kristne mot dette».


Historia om Dagny kunne slutta her. Men eg stussa litt over om alt kunne stemme, ettersom både transportfirmaets kundar og tilsette er godt fornøgd. Mannen som først fortalte historia om Dagny er ein blomsterselgar, og det viser seg at han har svært ulikt syn på hagestell enn damene i blazer. Vidare viser det seg at blomsterselgaren har halde tilbake informasjon, som at Dagny seinare møter ein mann, Jeff, som hadde vore gartner i landsbyen med blomsterbedet. Jeff fortel at dei dreiv eit stort gartneri, der dei eksperimenterte med å bli eit revolusjonært mønsterbruk. Men etter 4 år måtte gartneriet stenge, etter at giftig eføy hadde kvelt øvrige nyttige vekster, og fleire av dei tilsette hadde fått skader frå planten.

Kan det være at Dagny ikkje hallusinerte, men verkeleg såg giftig eføy? Eg har sjekka historia om Dagny mot tilgjengeleg kjelder. Det medførte krevande arbeid, som å lese originaltekster og anna fakta-gransking. Resultatet synes eg er spennande. Håper du heng med.

Min (positive) omtale av De som beveger verden

De som beveger verdenDen beste roman eg har lese er De som beveger verden, engelsk tittel Atlas Shrugged. Romanen kom ut i 1957 og er rekna som hovudverket til den russisk-amerikanske forfattar Ayn Rand.

Tenk deg ein togtur gjennom Alpene, gjennom djupe daler, opne sletter, over bratte kløfter, det veksler mellom mørke tunnelar og solrike høgfjellslandskap. Romanen er som ein slik togtur; dramatisk, vakker, skummel, farlig og mange gonger lurer du på om toget kjem trygt fram.

Hovedpersonen er Dagny Taggart, som saman med sin bror James, arver jernbaneselskapet Taggart Transcontinental (TT) med USAs største jernbanenett. Dagny og James har svært ulikt syn på livet, James er offisielt direktør for TT og Dagny er «berre» operativ/teknisk direktør. James driv mest med politikk, så Dagny er TTs de facto-leder og tøffare enn toga ho styrer over.

Tidsånda er prega av at politikarar aukar regulering av industri og næringsliv, under grunngjeving av at folkets interesser krever ein sentralisert kontroll over økonomien. Både akademia, kunstnarar og pressa framstiller næringsliv og kommersielle interesser som materialistiske og umoralske. Det politisk korrekte i samtida får etterkvart så sterk dominans, at dei fyrste teikn på innskrenka ytringsfridom viser seg.

Politisk kontroll over næringsliv og medier aukar, marknadsøkonomi blir gradvis erstatta av politisk samrøre. Aviser, radio og TV vert myndighetenes forlenga arm. Med fare for å forenkle og kategorisere for mykje, vil eg allikevel beskrive utviklinga som at USA endrast i sovjetstil til «USSA».

Som ung jente er Dagny svært interessert i skulearbeid og får toppkarakterar, men er lite populær. I sommarferien arbeider ho på jernbanen, og velger deretter ingeniørstudier. Dagny er nerd. Men ettersom ho vert vaksen, kjem kjærleiken inn i livet. De som beveger verden er svært romantisk, alt sett med Dagnys perspektiv.

Næringslivet møter stadig strengare restriksjonar frå eit kommanderande Washington. Dagny og ein del andre næringslivslederar prøver imidlertid stadig nye idear og kunnskap for å sikre sunn drift. Industrileder og metallekspert Henry Rearden lanserer ei ny metallegering som både er lettare og sterkare enn stålkvaliteten som til då er marknadsleder. Sterke krefter motarbeider imidlertid Rearden Metal. Dagny havner midt i konflikten då ho bestemmer seg for å bygge ein ny jernbanestrekning basert på det nye metallet.

Utviklinga med at USA blir «USSA», er del av ei internasjonal utvikling, der land etter land blir erklært «folkestat» (også Norge). Problemer med dårleg kvalitet for produkter, seine leveranser og varemangel blir ein del av kvardagslivet. Dagny, Rearden og svært mange andre i sivilsamfunnet prøver å gjere det beste ut av situasjonen. I tillegg til vanskar som skuldast politikk, oppstår det problem når nøkkelpersonar i næringslivet forsvinn utan at nokon veit kor dei er blitt av. Alt frå industrieigarar til togpersonale blir borte, utan forklaring. Dagny må reise langt vestover før ho kjem på sporet av kva som skjer.

Romanen inneheld dei nødvendige ingrediensene mord & kjærleik. Dagny er stort sett kontinuerleg på reise mellom New York og Rocky Mountains, gjerne med eige jernbaneselskap. Dramatikken beskriv konsekvenser av tilsynelatande ideelle mål, kynisk realpolitikk, propaganda, overvåking, korrupsjon, mord, sjølvmord, streik, togkatastrofer, utvikling og bruk av masseødeleggelsesvåpen. Dagnys heimby, New York, blir stadig mørkare, som ein mix av Gotham og Øst-Berlin anno 1960. Mellom prøvelsane opplever imidlertid Dagny store oppturar i arbeid og kjærleik. Vi møter også ein gulltørst norsk sjørøvar, ikkje Sabeltann, namnet er faktisk Ragnar.

Parallelt med handlinga, er romanen ein diskusjon av filosofi- og moralspørsmål. Ayn Rand vaks opp med russisk og fransk litteratur og bestemte seg i ung alder for å bli forfattar. Rand valgte å studere filosofi, som basis for å kunne dikte. Med litt kjennskap til filosofi, vekker elementer i boka stor grad av gjenkjenning. Både bokas struktur og norske tittel ærer Aristoteles. Romanens dramatiske og voldelige elementer kontrasterer forfattarens tydelige anti-voldsbodskap. Romanen priser logikk og rasjonell tenking, og prøver å formidle kva fantastiske muligheter eit menneske har, som ærlig og konsekvent følgjer sin fornuft og vurderingsevne.

Romanens tydelige og utfordrande bodskap gjer at mange finn elementer å ta med seg i livets valg. De som beveger verden tar tydeleg stilling anti-vold, mot autoritære samfunn, anti-formynderstat, mot alle former for mystisisme og samfunnshierarkier. Romanen er difor omstridt, det typiske er at personar i store (og helst små) maktposisjonar prøver å nedvurdere romanen under dekke av å tale for den lille mann. Dei som er mest kritisk til romanen har i mange tilfeller pussig nok ikkje lese romanen (!).

De som beveger verden er ein «murstein», over 1200 sider og umogeleg å lese ut på ein dag. Å google romanen er litt skummelt, fordi du får tonnevis av informasjon. Mykje av dette er meir eller mindre useriøst kritikk, eller på den andre side fanmateriale med alt frå amatørmessig til høg kvalitet. Det er berre ein ærleg måte å lese De som beveger verden; den eine papirsida etter den andre. Men spennande handling, presis oppbygging og ein gjennomført filosofi, gjer at du ikkje er i tvil om at «litteraturtoget» kjem fram.

Dersom du ønskjer å lese ein spennande saga, som illustrerer individets og samfunnets viktigaste spørsmål, anbefaler eg varmt De som beveger verden. Bli med Dagny på den tøffaste togturen du nokon gong har vore med på!

Kontekst

De som beveger verden er rekna for den mest innflytelsesrike boka i USA etter Bibelen. Romanens bodskap forsvarer individet mot kollektivet, og er populær blant liberale/liberalistiske samfunnsengasjerte menneske. Også fleire norske politikarar nemner romanen som kjelde til inspirasjon.

I januar 2016 publiserte Wegard Harsvik i Tankesmien Agenda ein lengre artikkel på nettet og i Dagsavisen med tittel «Da godhet ble tyranni». Førsteinntrykket er at Harsvik har gjort ein grundig analyse av De som beveger verden og satt stoffet inn ein norsk samanheng. Men Harsviks analyse av De som beveger verden er ein svartmaling av forfatteren, romanens heltar, verdisyn og filosofi.

Som vi skal sjå i det følgjande, er Harsviks artikkel basert tvilsomme kjelder, og sluttresultatet er feilaktig. Det er menneskeleg å feile. Til dømes kan folk som sit framfor PC-en ein sein kveld med høg promille, gjerne poste ting på Facebook som ikkje tåler neste soloppgang. Men det er allikevel oppsiktsvekkane at Tankesmien Agenda (namnet gjev ein aura av akademisk standard) kan publisere ein artikkel som kombinerer låg faglig standard med offensiv ordbruk og pervertering av sentrale livsynstema som det vonde kontra det gode.

Enkeltpersonar kan feile grovt. Men det skal være systemer rundt personar som skal fange opp og korrigere. Kor var styret i Tankesmien Agenda? Kor var kjeldekritikken? Kvifor leste ingen De som beveger verden? Og kvifor valgte debattantar på Facebook, i Vårt Land, Aftenposten og andre medier å bruke Harsviks artikkel som bona fide-utgangspunkt for å utrykke sinne og frykt mot Ayn Rand?

Minerva ved Ove Vanebo gjekk i rette med Harsvik, og avslørte at Harsvik hadde skrive av sin «analyse» av De som beveger verden frå ei amerikansk, ikkje heilt påliteleg, kjelde. Men eg våger påstanden at debattantane på Facebook, Vårt Land og øvrige norske medier aldri fekk med seg Minervas korreks. Eg håper med dette å gjenta og supplere Minervas nødvendige korreks av Harsvik.

I det følgjande kjem ein gjennomgang av Harsviks påstander om De som beveger verden. Eg har valgt å grundig dokumentere kvart punkt (nummerert 1–18), slik at andre kan sjekke sjølv.

I De som beveger verden blir vi teke med til ein fabrikk og ein viktig bedriftsleiar, den despotiske Ivy Starnes. Harsvik har ikkje forstått Ivy Starnes’ ondskap, fordi han sannsynlegvis ikkje har teke seg bryet med å lese romanen. Harsvik er difor uheldig nok til å presentere Ivy Starnes som eit godt menneske. Harsviks neste trekk er så å framstille romanfiguren Dagny som demonbesatt, i scena då Dagny får frysninger av Ivy Starnes. Denne scena er «høgdepunktet» i Harsviks karaktermord på Dagny. Hadde det ikkje vore for at dette har medført triste ringverknader i mellom anna Vårt Lands verdidebattar, hadde dette vore urkomisk.

Harsviks intensjon oppfatter eg som drøfting av begrepet «godhetstyranniet». Harsvik vil vise at begrepet berre er ein fiksjon oppfunne av kritikerar av gode velferdsordningar og sinnelagsetikk, frå personar inspirert av mellom anna Ayn Rand. Men på grunn av Harsviks svake faglige behandling av fakta, kombinert med (for Harsvik) uflaks, presterer Harsvik utilsikta å framstille Ivy Starnes’ tyranni som godhet. Retorikkeksperten Harsvik har dermed i sitt essay «Da godhet ble tyranni» lukkast i å gjere tyranni til godhet (!).

Eg både reknar med, og håper, at mange stiller spørsmål om underteikna kan ha rett i min omfattande og detaljerte kritikk av Harsviks artikkel. Ta ikkje mitt ord som bevis. I det følgjande er påstandane gjennomgått, og mitt mål har vore å prove min kritikk med presise referanser.

Forkortelsar, definisjoner, persongalleri (i utvalg), primære referanser mm.

Forkortelsar

  • TCMC = Twentieth Century Motor Company
  • TT = Taggart Transcontinental, Jernbaneselskap
  • USSA = Mitt forenkla namn på eit framtidig USA i sovjetstil, der marknadsøkonomi er på vikande front mot planøkonomi, og ytringsfridom og demokrati forsvinn

Persongalleri i utvalg (begrensa til dei som går i gjen i min tekst)

Protagonister («helter» / «good guys»):

  • Dagny Taggart–TTs viseadministrerande direktør med operativt ansvar, de facto toppsjef og best skikka til å leie TT. Søster av James. Ingeniør.
  • Francisco D’Anconia–Argentinsk gruveeigar, primært kopargruver, og industrialist
  • Hank (Henry) Rearden–Oppfinner av Rearden Metal og eigar av Reardens smelteverksindustri
  • John Galt–Leder for streik mot myndighetene. Tidlegare tilsett i TCMC. Utdanna i både naturvitskap og filosofi.

Antagonister («skurker» / «bad guys»):

  • James (Jim) Taggart–Administrerande direktør i TT og bror av Dagny
  • Ivy Starnes–Viktig sjef i TCMC
  • Mr. Thompson–Leiar for USSA-regimet
  • Dr. Floyd Ferris–Medlem av toppleiinga i USSA-regimet

Primære referansar

Ayn Rand, De som beveger verden
Kagge Forlag 2000 / Denne utgave 2010
ISBN 978-82-489-0949-1

Alle sidetall i tekst i det følgjande er frå De som beveger verden, og er på format som [s. <sidetall>].

«Da godhet ble tyranni», essay av Wegard Harsvik (Harsvik), publisert dato 01.01.16 i Agenda Magasin (på nettet) og i Dagsavisen dato 02.01.16.

«Fiksjonen om Ayn Rands politiske gjennomslag i Norge», artikkel av Ove Vanebo, publisert dato 07.01.16 på Minervas nettsider.

Faktasjekk # 1: Fedrenes synder hjemsøkes av Google Translate

Henrik Ibsen

Henrik Ibsen (Foto: Gyldendal Forlag)

I Gjengangere (1881) viser Henrik Ibsen konsekvensen av farens synd på neste generasjon. Konsekvens av fedrenes synder for neste generasjonar er omtala i 2. Mosebok, 34, 7. Om du synes dette høyres dystert ut, så finn litt trøyst i at De som beveger verden avviser arvesynd som irrasjonelt [s. 1127].

Påstand frå Harsvik
«Dagny Taggarts forfader Nathaniel Taggart, stoppet i sin tid et lovforslag gjennom å ta livet av en politiker, og kastet en annen fra tredje etasje fordi han ble tilbudt et lån.»

Diskusjon

Harsvik kjem med to påstander.

Påstand a)

Harsvik vil ha oss til å tru at ein politiker fremma ein lov som la restriksjonar på Nat Taggarts jernbane, og at Nat Taggart difor rydda han av vegen.

Fakta og diskusjon

Den aktuelle politiker holdt ikkje på med eit lovforslag som trua Nat Taggarts jernbane, men prøvde derimot å stoppe ein fraktkontrakt for same jernbane. Politikeren hadde, saman med ei gruppe andre, seld Taggart-aksjer som han ikkje eigde, også kjent som short-salg. Dei prøvde deretter å lage vansker for Taggart slik at Taggart-aksjen skulle falle, og kjøp av aksjer kunne skje til låg kurs. Dette skulle politikeren, med vener, tene ei formue på. Politikeren vart drepen, men det var ikkje Nat Taggart som stod bak mordet. Nat Taggart vart frikjent i ein tiltale. Det er imidlertid sannsynleg at politikeren hadde fiendar, og i etterkant av det mislykka «finansklippet» fekk politikeren med sine «partners in crime» eit betydeleg gjeldsproblem. Det kan være sinte långjevarar som tok livet av politikeren, som straff for manglande betaling av lån [s. 72].

Påstand b)

Harsvik vil ha oss til å sjå for oss ein snill politiker som ville tilby Nat Taggart eit lån, men ein eigenrådig og brutal Nat Taggart kasta politikeren ut frå tredje etasje.

Fakta og diskusjon

Nat Taggart ville neppe kasta ein person frå ut tredje etasje berre fordi han vart tilbudt eit lån. Eit tilbod om finansiering er tross alt eit gode, sjølv om du velger å ikkje ta i mot. Det faktiske forhold var at Nat Taggart hadde erklært at han ikkje ville ta i mot lån eller andre spesielle tenester frå det offentlige, og at den nevnte mannen bevisst provoserte Nat Taggart. Nat Taggart kasta ikkje nokon ut frå tredje etasje (noko som kan medføre dødsfall), men derimot kasta han personen ned tre trappeavsatser. Dette er heller ikkje akkurat ufarleg, men vi kan sjå for oss at Nat Taggart slepte den uvelkomne gjesten ned tre avsatser, med pause mellom kvar avsats med trapper, før vedkomande vart vist ut døra [s. 72–73].

Nedanfor kjem sitat frå ei engelskspråkleg utgåve av boka, ettersom Harsvik har valgt å bruke sin eigen tolkning frå engelsk til norsk:

Til påstand a)
«It was said that in the wilderness of the Middle West, he murdered a state legislator who attempted to revoke a charter granted to him, to revoke it when his rail was laid halfway across the state; some legislators had planned to make a fortune on Taggart stock–by selling it short». [page 63]

Til påstand b)
«He never sought any loans, bonds, subsidies, land grants or legislative favors from the government. He obtained money from the men who owned it, going from door to door–from the mahogany doors of bankers to the clapboard doors of lonely farmhouses. He never talked about the public good. He merely told people that they would make big profits on his railroad, he told them why he expected the profits and he gave his reasons. He had good reasons». [page 62]

«Desperate for funds, with the construction of his line suspended, he threw down three flights of stairs a distinguished gentleman who offered him a loan from the government». [page 63]

Til både påstand a) og b)»
«Yet no penny of his wealth had been obtained by force or fraud; he was guilty of nothing, except that he earned his own fortune and never forgot that it was his». [page 62]

«Harsvik: (Alle oversettelser er gjort av forfatteren)». Apropos Harsviks eigen omsetting frå engelsk til norsk: Ettersom den norske utgåva kostar ca. 300 kroner i butikk, som er mindre enn Harsviks timeløn, er det sløsing med pengar å ikkje kjøpe boka.

Google Translate, ein gratis språkoversetter, gjev følgjande resultat:

Google Translate, påstand a):

Input: It was said that in the wilderness of the Middle West, he murdered a state legislator who attempted to revoke a charter granted to him, to revoke it when his rail was laid halfway across the state; some legislators had planned to make a fortune on Taggart stock–by selling it short.
Output: Det ble sagt at i ørkenen i Midtvesten myrdet han en statslovgiver som forsøkte å tilbakekalle et charter som ble gitt til ham, for å tilbakekalle det da hans jernbane ble lagt halvveis over hele staten; Noen lovgivere hadde planlagt å gjøre en formue på Taggart lager–ved å selge den kort.

Google Translate, påstand b):

Input: he threw down three flights of stairs a distinguished gentleman who offered him a loan from the government.
Output: Han kastet ned tre trapper, en fremtredende gentleman som tilbød ham et lån fra regjeringen.

Konklusjon
Begge påstander feil. Harsvik har vansker med sitering, både ved å utelate kontekst og ved å betydeleg endre ord. Hadde Nat Taggart vore ein reell person, ville Harsvik blitt dømd for injurier og pålagt erstatning.

Tankesmien Agenda ville spart pengar på å kjøpe den norske utgåva av romanen. Google Translate er ikkje perfekt, men viser både betre faglig og etisk standard enn Harsvik.

Apropos å kaste nokon ned ei trapp: Mange verksemder pålegg no sine tilsette som HMS-tiltak å holde i rekkverket når dei går i trapper. Er det Ayn Rands ideologi som ligg bak?

Faktasjekk # 2: Tut og køyr?

Rødt lysPåstand frå Harsvik

«Når Dagny Taggart – den visjonære jernbanedronningen – møter på rødt lys på sin vei, beordrer hun togpersonalet til å dundre på».

Diskusjon
Harsvik prøver å framstille Dagny som uansvarlig og kynisk med tanke på HMS/personsikkerhet.

Bakgrunn og fakta
Dagny reiser med Taggart Transcontinentals (TT) nattog Cleveland–New York. Toget stopper på aude strekning. Dagny lurer på årsak, og kontakter togfører. Toget har stoppa for raudt lys. Opplysning frå togpersonalet er at lyssignal er defekt og viser stopp heile tida. Det at signallyset truleg lyser feil, er imidlertid absolutt ingen aksept for å køyre mot raudt lys. Men Dagny er driftsansvarleg for TT, og vi kan frå øvrig innhald i romanen anta at ho kjenner rutetider relativt godt. Det er på natt, og lite trafikk. Lokomotivet vil være godt synleg, fordi lys frå lanterner gir god kontrast i natta. Dagny beordrer at toget går vidare til neste signal, men med redusert hastighet og forsiktighet. Dagny er sjølv om bord, og eventuell togkollisjon vil ramme ho også [s. 22–24].

TT under Dagnys ledelse har generelt godt sikkerhetsarbeid, med for eksempel backup-planar, jfr. reservelokomotiv ved Winston, Colorado, som Dagnys erstatterar seinare velger å fjerne (eigen sak seinare).

I ei seinare scene, der togpersonell har desertert eit tog i øydemarka midt på natta med Dagny ombord, har desertørane latt lanterne stå på både framme i lokomotiv og plassert ut raud lanterne bak siste vogn for å beskytte mot påkjørsel. Sjølv om Dagny er opprørt, roser ho desertørane for at dei ivaretar sikkerheten til passasjerane, og meiner dei viser større ansvar for sikkerhet enn myndighetene [s. 746].

Viktigare er at Harsvik ikkje nemner ulike togulukker i romanen, og spesielt den største togkatastrofen i historia i Winston-tunnelen i Colorado. Togkatastrofen skjer etter at Dagny er blitt erstatta av ein regimelojal leder utan erfaring. Denne togkatastrofen er essensiell, ettersom tema som ansvar, ansvarspulverisering, organisering, konsekvens av fryktkultur mm. grundig blir beskrive [s. 647–669]. Apropos raudt lys, eit spesialgodstog frå militæret køyrer inn i tunnelen, etter å ha fått beskjed om å fortsette utan omsyn til signaler frå defekt signalssystem [s. 687].

(I fotball er det viktig å redusere småspel innanfor eigen sekstenmeter, fordi dette lett kan lede til mål i mot. Harsviks agenda burde vore å unngå å diskutere HMS, fordi det for Harsvik vil være ein tapersak. Dersom Harsvik hadde lese boka, hadde han forstått at HMS/personell-sikkerhet er eit tema som Rand beherskar godt (med unntak for tobakksrøyking), og der svekka personsikkerhet vert brukt som illustrasjon på USSA-regimets vanstyre.)

Konklusjon
Dagny beordrer ikkje tog å «dundre på» mot raudt lys, men passerer derimot eit defekt lyssignal i ein lågtrafikkperiode med redusert hastighet. TT under Dagnys ledelse har god sikkerhetskultur. Harsviks framstilling av Dagny (og såleis Rand og Rands tilhengarar) som villig til å gamble med menneskeliv, er fullstendig feil.

Harsviks påstand er ein indikasjon på at han ikkje har lese boka, ettersom Rand bruker ein stor togkatasrofe i Colorado til å drøfte korleis ansvarspulverisering og ordrer gjeve av folk langt unna situasjonen, bygger opp mot katastrofe.

Faktasjekk # 3: Jomfrutur

Tog

«Den største trusselen med ny teknologi er å ikke anvende den!»
(Linn Cecilie Moholt, Bedriftsleder og sivilingeniør, Twitter 1. juni 2017)

Påstand frå Harsvik

«Skinnegangen er lagt av en genial legering, lagd av en annen av de geniale heltene, selvsagt. At metallet ikke er testet, bryr hun seg ikke om. Hun bestikker og truer politikere og sikkerhetsmyndigheter og dundrer gjennom tett befolkede områder. Hun føler på seg at dette vil gå bra–og det får holde».

Diskusjon

Harsvik påstår altså at metallet ikkje er testa, og at Dagny ikkje bryr seg om det.

Den «geniale legeringa» er Rearden Metal, ein opplysning som kjem fram på veldig mange sider. Det er snodig at Harsvik ikkje skriv at «en annen av de geniale heltene» er Henry Rearden, ettersom Harsvik i sin artikkel allereie har introdusert Rearden. Ellers er Rearden Metal eit tema i store deler av romanen.

«At metallet ikke er testet» er feil. Harsviks påstand oppsummerer uttalelsar frå motkreftene mot Rearden Metal.

Dagny har bestilt Rearden Metal til skinnegangen for den nye jernbanestrekninga John Galt-linja, og idriftsetting av den nye jernbanelinja er «jomfruturen» for det innovative metallet.

Liste over referanser som viser at metallet var testa, der alle punkt er tidfesta før første tog køyrer på John Galt-linja:

  1. Den nye legeringa har vore gjennom 10 år med eksperimenter, vidareutvikling og ulike testar. Dagny har ingeniørkompetanse, får tillit til legeringa og ser potensialet [s. 28–29].
  2. Rearden og Dagny diskuterer nye applikasjonar for Rearden Metal: fly, kjøkenutstyr, lokomotiv, skip–fordi dei begge veit det er mulig [s. 102].
  3. Testrapport av flymotor i Rearden Metal [s. 149].
  4. Statens forskningsinstitutt tilbyr å kjøpe patentet til Rearden Metal for eit beløp 20 ganger salgsverdien av årsproduksjonen frå Reardens metallverk. Einkvar som kjenner litt til økonomi, forstår at dette er eit fantastisk godt tilbod. For å illustrere; det er rimelig at Rearden Metal vil få konkurranse frå liknande legeringar lenge før 20 år er gått. Verdien av produksjonen av metallet vil ellers bli redusert etter som åra går, ut frå nåverdikalkyler. Eit kontraargument er at Rearden kan lisensiere legeringa over heile verda, og dermed oppnå større totalsalg enn frå eigne metallverk. Men uansett er tilbodet så godt at Rearden er sikra eit liv i luksus resten av livet. Eit så godt økonomisk tilbod ville ikkje Staten forskningsinstitutt gjeve dersom ikkje Rearden Metal er vurdert som verifisert [s. 202].
  5. Pga. kampanje som skal så tvil om Rearden Metal, bestemmer Dagny at berre frivillige jernbanetilsette skal være ombord John Galt-linja. Togpersonalet har fulgt med på bygging av bana, har tillitt til sikkerheten, og det blir kø av frivillige [s. 261 og 265].

Om Rearden Metals rolle i romanen
Rearden Metal er eit essensielt instrument for romanens bodskap. Det er nødvendig å understreke at Rearden Metal er mykje meir enn ein innsatsfaktor for jernbanebygging. Med fare for å være overtydeleg; Rearden Metal er uendeleg mykje meir enn ei «mekanikkgreie».

Rearden Metal er eit verktøy for å drøfte sentrale verdiar. Rearden Metal symboliserer:

  1. Ny kunnskap, som kan auke verdiskaping og velferd i samfunnet.
  2. Intellektuell eigedom (I De som beveger verden vert oppfinnaren først hylla som vitenskapshelt og seinare truga til å gje frå seg patentet.)

Harsvik påstår at Rands tenking og De som beveger verden bryt med norske verdiar, ein påstand som kan bli imøtegått i Rearden Metal-tematikken.

Ein av hovudårsakene til at Norge er blitt eit av verdas beste land er at Norge har vore flinke til tidleg å ta diverse varianter av «Rearden Metal» i bruk og (med enkelte unntak) ikkje latt motkreftene stoppe eller forsinke innføring. I eit land som Frankrike, derimot, vil særinteresser, som til dømes mektige fagforeiningar, i mange høve opptre med kun omsyn til eigne medlemer, noko som landet som heile taper på. Dei tidlegare kommuniststatene i Aust-Europa var ellers i eigen klasse, med å skape få nye varianter av «Rearden Metal».

Nokre eksempel på «Rearden Metal» dei siste 50 år i Norge kan være automatisering av prosessindustri, digitalisering av telekommunikasjon, stadig aukande bruk av IT-løysingar i bank og finans, og samkøyring av administrasjon over lange distanser. Dette har også skapt taparar (personar som mistar arbeidsplassen) og konkursar, men i større grad har det medført høgare produktivitet, ny næringsverksemd og opna for nye, tryggare og meir spennande arbeidsplassar. Norsk politikk legg til rette for eit profittsøkande næringsliv som tek i bruk ny kunnskap, noko som igjen gir auka verdiar til eigarar, betre løns- og arbeidsvilkår for tilsette og skatteinntekter til offentleg sektor. Dagny, Hank Rearden og andre forkjemparar for Rearden Metal, handlar såleis i samsvar med den norske samfunnskontrakten.

Konklusjon

Harsviks påstand om at Rearden Metal ikkje er testa, er feil, samstundes som påstanden viser at Harsvik ikkje har lese romanen godt nok.

Faktasjekk # 4: Konkurranse i kjærlighetens tidsalder

BaneservicePåstand frå Harsvik

«Et av de viktigste elementene i De som beveger verden handler om kampen mot en lov som kalles «Equalization of Opportunity Bill», der store monopolselskaper blir pålagt å splitte seg opp i flere deler, slik både olje- og teleselskaper er blitt i USA tidligere. Dette onde anslaget mot monopolkapitalismen er planlagt gjennomført av bokens skurker ved hjelp av skumle metoder som valg, avstemminger og demokrati. Den blir vedtatt av et flertall i kongressen, uten at Rand antyder at det foregår på annet enn ordinær måte».

Diskusjon

Harsvik har rett i at nokre av dei første gjennomgripande samfunnsendringane som Washington gjennomfører er basert på demokratisk lovlege vedtak. Etterkvart vert imidlertid både ytringsfridom og demokrati erstatta av ein totalitær stat, og reguleringane vert meir dramatiske.

Den første reguleringa over næringslivet er «Lov om utjevning av muligheter» (Equalization of Opportunity Bill), og har som formål å redusere «skadeleg konkurranse», men er også i realiteten tilpassa som våpen mot Rearden Metal [s. 238]. I forkant har Den nasjonale jernbaneforeningen innført «Anti-spis-eller-bli-spist-regelen» [s. 88–90], som skal stoppe konkurranse mellom jernbaneselskap. I realiteten er det ein etablering av jernbanekartell presentert i innpakning av «samfunnsansvar».

Vi må gå ut frå at Harsvik er motstander av «monopolkapitalisme» og tilhenger av tidlegare tiders antitrust-lovgjeving som mellom anna medførte auka konkurranse i telekommunikasjon og splitta Rockefeller-eigde Standard Oil til sju ulike oljeselskap. Det norske Konkurransetilsynets rolle tilsvarer enkelt sagt antitrust-lovgjevinga i USA, og skal sikre konkurranse og marknadsøkonomi i Norge.

Rand ønskte ikkje at myndighetene greip inn mot næringslivet, og aksepterte såleis at store bedrifter vart dominerande. Underteikna trur det kan være ulike virkemiddel for å oppnå konkurranse, utan å gå nærmare inn på tema her. Rand var oppteken av at storselskapa ikkje måtte få politisk makt, og at små og mellomstore bedrifter og nykommerar hadde mulighet til å konkurrere.

«Lov om utjevning av muligheter» fungerer som incentiv til å være middelmådig, ettersom loven overfører verdi frå dei dyktige til dei mindre dyktige. Eg er usikker på om Harsvik har lese så langt i De som beveger verden at han kom til den oppfølgjande loven; Direktiv 10-289 [s. 599]. På dette tidspunkt er USA kome langt i å bli «USSA». Direktiv 10-289 seier:

  1. Fast ansettelse er uoppseieleg og gjensidig
  2. Forbod mot å legge ned eller redusere produksjon
  3. Patenter og intellektuell eigedom skal gis nasjonen frivillig
  4. Ingen nye oppfinnelser er tillatt
  5. Plikt til å produsere jevnt
  6. Plikt til å forbruke jevnt
  7. Lønns- og prisfrys
  8. Enhetsstyret utnevnt av Byrået for økonomisk planlegging og nasjonale ressurser skal avgjere saker utanfor reglane [1–7]

Den vesle gruppa av menn som vedtek Direktiv 10-289 føler seg kvalme, men held følelsane for seg sjølv. Ein av dei som ikkje forstår konsekvensane, men har sinnelagsetikken i orden seier: «Dette er kjærlighetens tidsalder» [s. 599].

Når vi ser nærmare på Direktiv 10-289, ser vi at all konkurranse opphøyrer. Etter samanbrotet til økonomiske modellar som inneheldt reguleringar liknande Direktiv 10-289, jevnfør Aust-Europa inntil Berlinmurens fall, er det i dag mindre interesse for å prøve noko liknande.

Alt tyder på at Harsvik ikkje har brukt tilstrekkeleg tid til å studere De som beveger verden og Rands tankar om «monopolkapitalisme» (eg bruker hermeteikn, fordi begrepet kan være diffust), storselskap og konkurranselovgiving. Målet om konkurranse i næringslivet er allment akseptert i Norge, og, i kontrast til utbredt norsk oppfatning, for mange næringar truleg meir konsekvent gjennomført enn i USA.

Konklusjon

Harsvik har misforstått, enten pga. fordommar, pga. manglande kunnskaper eller fordi han ikkje har lese De som beveger verden så nøye. De som beveger verden anerkjenner dei store verksemdene og deira mulighet til diversifisering og vekst. Men ellers er De som beveger verden i større grad forkjemper for dei små bedriftene mot dei store, for nykommerane mot dei etablerte.

Faktasjekk # 5: Heilag røyk

RøykeplassPåstand frå Harsvik

«Miljøreguleringer er, på samme måte som sikkerhetsforskrifter, bare nok en måte for offentlige byråkrater å stikke kjepper i hjulene for driftige kapitalister. Forurensning er heller ikke noe problem–tvert imot, hun beskriver hvordan New York er svøpt i «hellig ild» fra fabrikkpiper og smelteovner fra tungindustrien».

Diskusjon

Harsvik ønskjer vi skal tru Rand gir blaffen i miljø, at Rand liker fabrikkrøyk og nermast ser på fabrikkrøyk som duftlys eller religiøs seremoniell røykelse som bidrar til god stemning og åndeleg frelse.

De som beveger verden er inga pro miljø-bok, men heller ikkje det motsette. Romanen kom ut i 1957, etter dei første ortodokse miljøskriftene kom i Tyskland før 2. verdskrig og før for eksempel Rachel Carsons «The Silent Spring» / «Den tause våren» (1962). Det er imidlertid lite som tyder på at Rand er mindre glad i naturen enn folk flest.

Rand røykte, og mange av romanfigurane i De som beveger verden, både heltar og skurkar, røyker tobakk. Tobakksrøyking er verste form for luftforrurensing. Men alle er barn av si tid. Al Gore, miljøpolitiker og tidlegare amerikansk visepresident, har til døme tjent godt på tobakksproduksjon.

Rand er fullstendig klar over at smelteverk skaper forurensing. Etter at Reardens smelteverk må stenge, kan vi lese at naboane hadde klaga på røyk, dunst, sot og støy tidlegare, og no var kontrasten tydeleg [s. 1191].

Ellers er det ikkje Rand som omtaler flammer frå New Yorks industri som «hellig ild», men stemma til romanfiguren Mr. Mowen. Bakgrunnen er at New York og andre stater i aust blir stadig vanskelegare å drive næringsversemd i, og mange verksemder legg enten ned eller flyttar til meir liberale Colorado. Den myndighetslojale, forsiktige og resignerte industrileiaren Mr. Mowen, er uroleg for utviklinga, men trøystar seg med at han observerer røyk, fabrikkpiper, gasstanker, kraner og høgspentlinjer i New York og Connecticut. Mowens tankar om industrirøyk kan ikkje tolkast som at Rand er positiv til forrurensing, men at Mowen i sin utrygghet trøyster seg med at Austkysten rundt New York har synlege uttrykk for at verksemdene går vidare [s. 305]. Mr. Mowen er myndighetslojal til det siste [s. 1234].

Konklusjon

Harsviks framstilling av Rand som miljøsvin er feil.

Faktasjekk # 6: Reklamepause frå urørt natur?

Molter

Apropos: Urørt natur er bra, men det er også rørte molter med sukker og piska krem.

Påstand frå Harsvik

«I en særlig symboltung scene er Dagny og Hank på kjøretur gjennom Wisconsins bølgende åser og skoger. Motorveien de kjører på er det eneste menneskeskapte de kan se: «Havet av busker, lyng og trær rullet sakte forbi, med skumtopper av gult og oransje, med noen få røde flekker innimellom, og grønne dammer på flatene, under en ren, blå himmel. «Det jeg skulle likt å se her nå», sa Rearden, «er en reklameplakat». Det er naturskildringen sin det».

Diskusjon

Harsvik framstiller Rearden, og dermed Rand, som tilbøyelege til å ønskje å øydelegge vakre landskap med reklameplakatar. Ifølge Harsvik er dette ein «særleg symboltung scene», noko eg ikkje oppfatter, men mange aspekter av ein roman er open for tolkning så Harsvik må gjerne ha sine ord i behold.

Dersom Rand ønskte å argumentere for utstrakt bruk av reklameplakatar i naturen, ville ho vel ikkje øydelagd for seg sjølv med initielt å beskrive naturen i poetisk prosa? Harsvik har ikkje teke med all tekst i passasjen, noko som er akseptabelt ut frå plass, men teksten er enda meir poetisk enn i Harsviks sitat.

Bakgrunnen for Reardens uttalelse er at han og Dagny er på biltur gjennom ein del av Wisconsin prega av tilbakegang og fraflytting, og ser etter teikn på aktivitet.

Samtalen mellom Dagny og Rearden har eit par motstridane sitater / setningar:

  1. «……….; hun synes det var vakkert på landet» [s. 313]
  2. Det jeg skulle likt å se», sa Rearden, «er et reklameskilt» [s. 313]
  3. (diverse opplysninger om veg med betongdekke, som viser teikn på dårleg vedlikehald og lite bruk)
  4. Dagny: «Men tenk på hvor ofte vi har hørt folk klage over at reklameplakatene ødelegger landskapet. Vel, her har de urørt landskap å beundre» Hun la til: «Slike folk hater jeg». [s. 314]

Samtalen mellom Dagny og Rearden er refleksjonar over eit område prega av fråflytting og dårleg vedlikehald. Ei mulig samanlikning kan være Sveriges Televisjons reportasjer frå «gläsbygden» i Norrland, der ein bensinstasjon blir betrakta som teikn på aktivitet og optimisme. Scena frå Wisconsin er ikkje bygderomantikk, heller nøktern distriktspolitikk, men ingen apologetikk for overdreven bruk av naturen som reklamearena.

Dagny og Rearden er ellers på leiting etter Twentieth Century Motor Company (TCMC) [s. 318]. Dei finn ein liten by, Starnesville, der både bygningar, vegar og innbyggarane viser teikn på forfall. Meir om dette samfunnet seinare.

Konklusjon

Harsviks påstand om at Rand vil øydelegge vakre naturlandskap med reklameplakatar, er ikkje korrekt.

Faktasjekk # 7: Harry Potter og mirakelmetallet

London Docklands

Foto: London Docklands, Svevebane over Themsen.

Påstand

Harsvik hevder at De som beveger verden er science fiction.

Diskusjon

Det er sagt om Bibelen at den er som ei løve; slepp den laus og den forsvarer seg sjølv. Eg kan ikkje uttale meg om Bibelen, men meiner at De som beveger verden taler klart og logisk til dei som er opne for å lese boka. De som beveger verden er gjennomført med omsyn til logisk oppbygging og idémessig integritet.

Det er difor viktig for motstandarar av Rands tenking at boka ikkje blir lese. Det kan difor være hensiktmesseg å kalle boka science fiction. Harsvik ønskjer ikkje at du skal lese boka, og prøver difor å snakke ned boka ved å omtale den som tenåringslitteratur, pubertal science fiction eller fantasy (Ref: Harry Potter, Star Wars …).

(NB! Eg er kjent med at det finnast mykje høgkvalitets sci-fi-litteratur, og ønskjer ikkje å seie noko negativt om denne litteratur-sjangeren.)

De som beveger verden inneheld rett nok nokon eksempler på nye oppfinnelsar og spektakulær teknologi. Eksempler kan være Rearden Metal, kamuflasjeskjerm i dalen i Rocky Mountains, masseødeleggelsesvåpenet Prosjekt X, «hacking» av elektrisk reklameplakat og «hacking» av kringkastingssending. Det viktigaste eksemplet er Rearden Metal, men med kjennskap til korleis tradisjonelt stål har fått konkurranse frå aluminium, glassfiberarmert polyester, karbonfiber og ulike komposittmaterialer, må vi sjå på Rearden Metal som eit realistisk produkt. Og «hacking» (datainnbrot) er no for tida dagligdags. Prosjekt X er dessverre altfor realistisk, og gjev den mest empatiske og skremmande advarsel mot masseødeleggelsesvåpen eg nokon gong har lese.

Uansett realisme eller ei for enkelte tekniske produkter, er andelen sci-fi minimal. Det er søkt å hinte om at De som beveger verden er sci-fi.

Ut frå Harsviks ulike andre påstander om boka, er det mi meining at Harsvik knapt nok har lese i boka. Harsvik kan ikkje med truverde kategorisere De som beveger verden i ein eller fleire litterære sjangerar, når det er tvilsom om han har lese romanen nøye.

Harsvik gjer ulike krumspring for å fordreie eller unngå innhaldet i De som beveger verden. Harsviks «analyse» av De som beveger verden tyder på at han ikkje forholder seg til innhaldet.

Konklusjon

De som beveger verden er ingen science fiction-roman. Harsvik forholder seg ikkje til romanen.

Faktasjekk # 8: Blå auge

Foto: Statue på Youngstorget.

Påstand frå Harsvik
«I Rands romaner er det enkelt å skjønne hvem som er gode og hvem som er onde. Alle skurkene–snylterne–er lubne, svette og med hårfester på vei krypende oppover, samt med dobbelthaker og slappe muskler. Hennes velbemidlede helter er derimot i besittelse av sterke haker, firskårne trekk med øyne som blek blå is og askeblondt hår».

Diskusjon

Denne påstand har Harsvik delvis rett i. I De som beveger verden er mange av skurkane portretterte som fysisk lite attraktive. Men vi må sjå på eit par sider av påstanden som er problematisk.

Først litt «teknikaliteter»:

Som vi ser har Harsvik neppe lese nok til å uttale seg om De som beveger verden. De som beveger verden deler «skurkane» i to grupper; snylterar og plyndrerar. Harsvik snakker truleg om plyndrerar, og ikkje snylterar. Og «heltane» i De som beveger verden er ikkje alle «velbemidlede», både rike og fattige kan være heltar.

Dagny og James (Jim) Taggart er søsken og har såleis identiske gener. Dei blir ulike framstilt med hensyn på utsjånad, grovt sett at ved heltinna Dagny er dynamisk og tiltrekkande og skurken Jim er mindre fast i fisken og tung i kroppen. Overflatisk kan dette tolkast som ein-dimensjonalt og primitiv svart-kvitt-tenking. Men vi kan sjå på eit par aspekter rundt samanhang livstil, holdninger og det ytre.

James har ein livstil med hyppige middagsselskap, barbesøk og seine kveldar og morgonar. Ettersom han nærmar seg middelalderen, vil denne livstil kunne medføre ytre symptomer som overvekt og mindre rank kroppsholdning. I tillegg er James kjenslemessig ustabil, både med omsyn til sjølvtillit og haldningar. Han har problemer med å akseptere dårlege nyheter, fornektar fakta, og ønskjer ofte å overlate ansvaret til andre. Indre konflikter i James kan gjerne manifestere seg i at han fysisk sett kan oppfattast som veik, alternativt aggressiv.

Romanens heltar, som Hank Rearden og Dagny, er drivne av indre overbevisning og klare mål, og framstår som vitale og dermed meir tiltrekkande. Sammenhengen mellom ein persons ytre trekk (blikk, kroppsholdning, utstråling) og indre liv (mentale prosessar som virkelighetsoppfattelse, motivasjon, sjølvrespekt etc.) er anerkjent innan medisin, psykologi, teaterkunst, toppidrett mm., og dermed er De som beveger verden meir realistisk enn Rands krititikerar vil ha det til.

Nyansane kan være fine. Ein dristig påstand frå meg er et både Dagny og James vil, om dei var norske, lese Dagens Næringsliv. James favorittdel ville være fredagsmagasinet med omtale av vin, mat, kunst og politisk korrekt næringsliv. Dagny ville lese forretningsnotiser, nøkkeltall og torsdagsutgåva med DN Aktiv (sykkel og anna treningsstoff).

Frå historia veit vi at mange ekstreme politiske maktmenneske er vakre og karismatiske, personar som i De som beveger verden er i kategorien plyndrerar. På dette punkt har De som beveger verden eit svakt punkt.

Det er ingen ting med De som beveger verden som prefererer den ariske mennesketypen, som framstilt i skulpturane i Vigelandsparken eller tysk nasjonalsosialisme. Ayn Rand var av jødisk familie.

Tilbake til Harsviks generalisering om vakre heltar med blå auge og askeblondt hår: Ingen regel utan unntak:

Skurkar:

  • Floyd Ferris omtalt som pent kledd og pen framtoning [s. 382]
  • Plyndreragentenes leder har blå auge [s. 1203]

Heltar:

  • Francisco D’Anconia er en argentiner av spansk herkomst
  • Modig journalist med brune auge som protesterer mot USSA-regimet [s. 914]
  • John Galt har kastanjebrunt hår og mørkegrøne auge [s. 773]
  • Dagny har brunt hår [s. 20] og mørkegrå auge [s. 23]
  • At sjørøverhelten Ragnar har gyllenblondt hår [s. 635] og blå auge [s. 645] er kanskje ikkje unaturleg, ettersom han er norsk.

Konklusjon

Harsviks påstand om at heltar og skurkar i De som beveger verden er eindimensjonalt framstilt med omsyn til vakker / stygg, er delvis korrekt. Men påstanden er grunn og unyansert.

Faktasjekk # 9: Mr. Nobody

Forsknings- og utviklingsavdelingenPåstand frå Harsvik

«I boka forteller hun historien om en framtid der de legger ned sitt arbeid og forsvinner. Bare en mystisk beskjed blir etterlatt–«Hvem er John Galt?»»

Diskusjon

Det blir ikkje lagt igjen nokon mystisk beskjed.

Etymologi a): Setninga «Hvem er John Galt?» blir sagt av folk i De som beveger verden som ein kommentar til ting som ikkje fungerer i samfunnet. Ingen veit kor utrykket kjem frå.

Etymologi b): Første gang setninga blir brukt, er på allmøtet for 6000 tilsette i motorfabrikken TCMC, Starnesville. Allmøtet skal beslutte innføring av «progressive» styringsprinsipper i verksemda. Ein mann stemmer i mot, og seier det ikkje vil fungere. Mannen presenterer seg som John Galt. Møteleiar seier at ingen får forlate Starnesville pga. ein «moralsk lov vi alle godkjenner». John Galt seier utfordrande at han skal stoppe TCMC. Deretter går han ut frå allmøtet [s. 741]. Møteleiaren tenker at det at 1 av 6000 tilsette sluttar, kan ikkje være noko problem, og spør «Hvem er John Galt?».

Men John Galt er den dyktigaste personen på F&U, og arbeider med ei ny type motor som kunne auka verdiskapinga i TCMC og samfunnet i betydeleg grad. Møteleiarens nonchalante kommentar «Hvem er John Galt?», er mulig å tolke som Rands advarsel mot å behandle kreative menneske som «expendable».

Konklusjon

Harsviks påstand om at «Hvem er John Galt?» er ein fysisk mystisk beskjed er feil, men feilen har mindre konsekvens for Harsviks artikkel og eg antar at Harsvik ikkje har vond vilje bak.

Faktasjekk # 10: Kaos eller samlet orden?

TogsporPåstand frå Harsvik

«Boken slutter forutsigbart nok med at folket angrer seg. De skulle aldri ha lagt hindringer i veien for de sexy entreprenørenes arbeid».

Diskusjon

Myndighetene i USA har etter fleire års innstramming av massemedier og samfunn, innført diktatur. Landet vert styrt av ei lita gruppe menn leia av Mr. Thompson. Det er fleire år sidan fri presse, meiningsmålingar og politisk valg vart fjerna som mulighet for folket til å seie si meining. Det er difor ikkje mogeleg å være sikker på stemninga i folket. Vi må rekne med at mange saknar tida før USA vart «USSA», og såleis angrar tidlegare sympati for regimet. Fleire stader er det beskrive at folk applauderer opposisjonelle som Rearden, men inga større folkerørsle er organisert. Dagny med vener reknar med å returnere til samfunnet og leie oppbygging av ein ny nasjon, men først må situasjonen avklarast.

Harsviks påstand gjev inntrykk av ein samla nasjon som angrer seg og vil returnere til tidlegare samfunnsform. Men i slutten av romanen herskar det lovløyse og borgerkrigstilstander. California aleine har tre stridande fraksjonar [s. 1275]. Californias «Folkepartiet» til dømes konfiskerer avling og lagrar mat i Imperial Valley i California [s. 1279]. Ein av USSA-leiarane prøver på eit dårleg planlagt statskupp i namnet «Venner av folket» frå Harmony City i Iowa [s. 1242] og ein annan leiar har planlagt ein sikker retrettstad i Tennessee [s. 1246].

Når Harsvik er så sjølvsikker at han skriv at slutten er «forutsigbar», og deretter bommar fullstendig i sin beskrivelse, gir det grunn til ettertanke.

Konklusjon

Påstanden er feil. Harsvik har ikkje lese slutten av boka nøye.

Faktasjekk # 11: Referanseliste

ProblemveienHarsviks referanseliste

Når ein kommenterer ein tekst, er det ofte minst like viktig å kommentere kva som ikkje er der, enn kva som er der.

Den aller viktigaste, og obligatoriske kjelda, romanen De som beveger verden med data som forfatter, forlag, årstall etc., er ikkje å finne (!).

Referanselista inneheld (naturleg nok) heller ikkje eksplisitt kva kjelde Harsvik har benytta for sin analyse av De som beveger verden.

Referanselista til Harsvik inneheld derimot fleire referanser til «eigne» publikasjoner eller publikasjoner frå eige ideologisk miljø. Lista tenderer såleis mot intellektuell narsissisme.

Faktasjekk # 12: Fornekting

HullEit stadig tilbakevendande tema i De som beveger verdens dydsetikk er å akseptere virkeligheten, verda som den er.

Aristoteles seier at dersom du har ein teori om korleis verda er, og dine sanser kjem med eit avvikande syn, er det sansene som har rett. Alltid. Du må korrigere eller forkaste din teori. Empiri modifiserer teori, men begge deler er nødvendig.

Leiarskapet i USSA viser mange eksempel på at dei ikkje forstår konsekvensane av sine beslutningar, og nektar å ta inn over seg realitetane. James Taggart blir stadig vekk portrettert i fornektande modus, noko som til slutt driv han inn i destruksjon.

Harsviks tvilsomme analyse av De som beveger verden kan tolkast som fornekting. Ved å lese kun enkelte segmenter, ved å misforstå, ved å bevisst vri på tekst og ved å bruke sekundære kjelder i staden for originalen, makter han å unngå å forholde seg til De som beveger verden.

Platons metafor om holebuarane handler mykje om fornekting. I dagligtale bruker vi ofte uttrykk som å «leve i ei boble» eller å være i eit «ekkokammer». I Platons hole får ein av holebuarane ta ei reise ut i dagslys, og ser at skyggebilda på veggen inne i hola ikkje er reelle figurar, men berre projeksjonar. Den skremmande slutten på holemetaforen er imidlertid ikkje at holebuarane lar seg opplyse, men dei velger i staden å drepe han som hadde vore ute i dagslyset, for å unngå smerten ved å ta inn over seg det han fortel.

Det vil, uansett ståstad i debatt, medføre smerte å innsjå at ein sjølv kan være ein holebuar. Vi har alle kontekstar der vi baserer oss på fordomar og sit i ei hole. Harsviks referanseliste til artikkelen, som unngår den viktigaste kjelda (originalteksten), er utrykk for mentaliteten i eit ekkokammer.

Faktasjekk # 13: Regulering eller kannibalisering?

Oljearbeider

Foto: Oljearbeider kledd for utreise til norsk sokkel

Påstand frå Harsvik

«Oljebaronen Ellis Wyatt–en annen helt–ble pålagt reguleringer rundt oljefeltene sine. Han reagerte ved å sprenge dem i luften på ren trass– slik Saddam Hussein gjorde i den første Gulfkrigen. I den virkelige verden førte dette til at et tykt lag av svart, giftig røyk la seg kvelende over Midtøsten og forgiftet luft, land og vann i uker og måneder. Men ingen virkemidler er for kraftige hos Ayn Rand, når man skal ramme et samfunn som har begått den store synd å blande seg inn i de rikes rett til å tjene penger som de vil».

Diskusjon

Førsteinntrykket av Harsviks påstand er at oljeprodusenten Ellis Wyatt blir pålagt fornuftige og demokratisk bestemte reguleringar, til dømes ein beskjeden avgiftsauke, strengare regelverk for utslepp av miljøkjemikalier eller innskjerping av bruk av overtidsordningar.

Romanen fortel imidlertid at dei «progressive» delstatene i nord-aust innfører stadig nye reguleringar på næringslivet. Styresmaktene i Colorado derimot, blander seg lite inn i næringslivet [s. 304]. Ellis Wyatt er uløyseleg knytt til Colorado, sidan oljekjeldene hans er lokalisert der.

«Loven om utjevning av muligheter» fører til at bedrifter flyttar. For eksempel Quinn Ball Bearing Company i Connecticut flytter til Colorado [s. 302].

Føderale myndigheter ved leder Wesley Mouch, som står over delstatsmyndighetene, har fått fullmakt til å endre lover utan demokratisk behandling [s. 372]. Myndighetene gjev direktiver om makshastighet på jernbaner, maks antall vogner, maks produksjon av stål, utjevningstiltak og ein høg ekstraskatt for staten Colorado. Dei innfører óg utsettelse på utbetaling av jernbaneobligasjonar.

Harsvik bruker utrykket «reguleringer». Men myndighetene prøver å redde nordauststatane ved å ofre Colorado. Legar i krig praktiserer ifølgje myten triage, og ville då truleg prioritert omvendt, dvs. Colorado over New England. I tilfelle Wyatts oljefelt er det meir dekkande å kalle sentralmyndighetenes tiltak for kannibalisering enn regulering.

Wyatt vert fråteke verdien av obligasjonane han eigde i jernbanen som betjener oljefelta han eig, samt at jernbanetenestene vart redusert til eit nivå som medfører at han ikkje kan drive vidare. Dagny utrykker det som at myndighetene har drept Colorado. Myndighetene har slått Wyatt konkurs, og han reagerer med å sette sitt oljefelt i brann. Wyatt etterlater eit skilt: «Jeg forlater det som jeg fant det. Bare ta det. Det er deres» [s. 375].

Harsvik har rett i at det å tenne på eit oljefelt har alvorlege miljømessige konsekvensar. Men De som beveger verden kom ut i 1957, og Rand var derfor ukjent med at det ca. 30 år seinare vert presentert ein teori om menneskeskapt global oppvarming. Wyatts brennande oljefelt ender etterkvart som ein ustoppeleg utblåsning / mindre brann. USSA-myndighetene mangler teknisk kompetanse, og lukkast ikkje med å re-etablere oljeproduksjonen. Brannen får namnet Wyatts fakkel og fungerer både som eit landemerke [s. 554, 672 og 1284] og ein konstant irritasjon for USSA-myndighetene. Slike faklar er det mange av i dag, både naturlege (for eksempel i Azerbaijan) og som del av trykkavlastningssystemene for petroleumsinnstallasjonar. Dersom du står ute på dekket om natta på ei plattform på Gullfaks, Brent eller Ekofisk kan du sjå fleire slike faklar. Det er ikkje mogeleg å sjå desse faklane frå opplyste lokaler i Oslo.

Konklusjon

Harsviks påstand om at Ellis Wyatts oljefelt vert pålagt reguleringar er ein ekstrem underdrivelse. Wyatts rammevilkår blir så drastisk endra at myndighetene drep Wyatts oljefelt.

Faktasjekk # 14: Fifty Shades of Grey

Earl Grey

Vi som er vaksne opp med berre Liptons Gul blir lett imponert.

Påstand frå Harsvik

«Heltinnen Dagnys første elsker–gruvearvingen Francisco D’Anconia–behandler henne som en eiendel. Han sleper henne rundt etter armen, og tar ikke fem øre for å fike til henne når hun sier ting han ikke liker. Første gang de ligger sammen, spør han ikke om hennes samtykke, men kaster henne ned og gjør som han vil. «Hun visste at redsel var nytteløst, at han kunne gjøre hva han ville, at avgjørelsen var hans».

Diskusjon

Harsvik påstår med andre ord at Dagnys første elskar, argentineren Francisco D’Anconia, behandler Dagny som ein eiendel, og har for vane å fike til Dagny kvar gong Dagny seier noko som ikkje Francisco likar. Francisco blir portrettert som voldelig psykopat med dårleg impulskontroll.

Harsvik påstar at Francisco slår Dagny mange gonger. Faktum er at medan Francisco og Dagny er kjærestar, og seinare, så slår Francisco henne aldri.

Harsvik har kanskje basert sin grove påstand på ein episode som skjer når Dagny er 15 år, to år før Francisco og ho blir kjærestar. Dagny diskuterer med Francisco kva ho skal gjere for å bli meir populær på skulen. Ho har så langt prioritert skulearbeid og fått topp karakterar (A-er), og foreslår å nedprioritere skulearbeid, få D-er, og håpe på å bli den mest populære jenta på skulen [s. 116]. Francisco reager som følgjer:

«Francisco stoppet, så på henne og fiket til henne» [s. 116]. Francisco argumenter deretter for at Dagny aldri meir skal innrette livet sitt for å bli populær. Dette skjer to år før Dagny og Francisco har sin første intime kontakt, og har ingen ting med sex å gjere.

Første gang Francisco og Dagny er saman seksuelt, er det noko dei begge i forkant skjønar ligg i korta, og Dagny er med på dette [s. 124]. Harsviks påstand om at Francisco dominerer og «eig» Dagny, er basert på selektivt utdrag av tekst. Eit eksempel på at Dagny ser heilt motsett på det er: «Da hadde hun følt stolthet, stolthet over at hun eide kroppen hans; hun følte det fremdeles.» [s. 139]

Venskapet mellom Francisco og Dagny varer frå barndommens sommarferier til slutten av romanen og truleg vidare, og er basert på gjensidig respekt og likeverd. Den tida dei er saman som kjærestar / elskerar, er eit sunt forhold med jevn maktbalanse og gjensidig aksept ved intimitet. Det vil føre for vidt å argumentere vidare med fleire tekstutdrag, og eg er heller ikkje den rette til å analysere romantikken utan å øydelegge magien.

Det finnast absolutt ingen elementer av vold, langt mindre S&M (sadisme & masochisme) i Dagnys kjærleiksliv. Ellers oppfører Francisco seg svært sivilisert også i andre situasjonar, med unntak av sjølvforsvar mot væpna angriperar. Apropos «anger management»; Rand argumenter for verdien av ærleg tillbakemelding og at du ikkje skal bli sint på ein person som fortel deg sanninga. Til dømes seier Dagny etter eit møte: «Du må aldri bli sint på en som sier sannheten» [s. 332].

Harsvik har plukka setningar ut av sin samanhang, og diktar på toppen av det.

Konklusjon

Harsviks påstand om at Francisco D’Anconia dominerer sin kjæreste Dagny og har for vane å fike til ho dersom han blir motsagt, er helt feil.

Faktasjekk # 15: Fifty Shades Darker

Fifty Shades of Grey

Fifty Shades Darker –Svartmaling med utgangspunkt i offwhite.

Påstand frå Harsvik

«Så snart de innleder et forhold forlanger han å få vite hvor mange menn hun har ligget med, og hvem de var. Når hun ikke svarer, prøver han å tvinge det ut av henne med makt. Dette er ikke ment å sette Rands helter i et dårlig lys. I hennes verden er voldelig sjalusi romantisk og overgrep sexy».

Diskusjon

Påstanden tar utgangspunkt i kjærleiksforholdet mellom Dagny og Henry Rearden.

Harsvik ønskjer å framstille Rearden som ein dominerande og brutal elskar, og Dagny som underdanig kvinne som trivast i rolla som undertrykt.

Harsvik påstår vidare at i Rands verden er vold og overgrep noko som piffar opp sexlivet, med S&M, der mannen har S-rolle og kvinna M-rolle.

Det er vidare indikasjoner på at Harsvik vil portrettere Rand som antifeminist.

Først litt om jamstilling mellom kvinne og mann: Heltinna Dagny er ein rollemodell for mange kvinnelege lesarar, i og med at Dagny representerer ei kvinne i leiarstilling i industrien, og ved at ho tek ingeniørutdannelse på ei tid då mange ingeniørstudier i USA framleis var lukka for kvinner. I De som beveger verden ser vi at nokon kritiserer Dagny for å ha ein «mannsjobb». Rands litteratur og hennar deltaking i samfunnsdebatten frå 1940-talet og utover var til stor hjelp for likestillinga.

Relevante sitat / tekstutdrag:

Dagny vert omtala som kvinne i mannsdominert bransje [s. 32].

Lillian Rearden snakkar nedlatande om Dagny: (ca. sitat): «Dagny Taggart er en regnemaskin i skreddersydd dress, ingen blond sparkepike» [s. 258].

Myndighetsrepresentant Dr. Ferris presser Rearden med å avsløre forholdet Rearden–Dagny, ikkje fordi det rammer Rearden, men fordi det rammer Dagny «som kvinne i en fullstendig mannsdominert bransje» [s. 620].

Rearden hadde opprinneleg vore skeptisk til at ei dame var leder for eit jernbaneselskap, og trudde ho brukt arv og kjønn som erstatning for evner [s. 623].

Om Henry og Dagny i intime situasjonar:

Dagny og Hank Rearden går til sengs saman. Dagny aksepterer (inviterer) implisitt og eksplisitt. Hank: «Vil du?» Dagny: «Ja» (s. 283) [s. 281-283] Dagny og Hank i senga dagen etter, med samtaler om gjensidig tiltrekning/begjær [s. 284-287].

Dagny og Hank til sengs. Dagnys første seksuelle forhold når ho var 17 år. Hank spør kven det var, Dagny nektar å svare [s. 301].

Dagny intim med Hank: «Da han løftet hodet, dro hun det nedover igjen med en krevende bevegelse som signaliserte eierskap, som om hun ville understreke at hun hadde rett til å gjøre det» [s. 308].

Hank Rearden signerer eit såkalla «gavebrev», som avgir patentet for livsverket Rearden Metal til staten, for å verne Dagny mot at Dr. Ferris lar pressa skrive om Dagnys og Reardens kjærleiksforhold. [s. 628]

Harsvik har rett i at Henry krever å få vite frå Dagny kven som var tidlegare elskar. Men når Dagny nektar å svare, bøyer han av.

Vi ser ellers at Rearden ikkje «eig» Dagny eller behandler henne som eit «trofe». Rearden og Dagny er vaksne, uavhengige personar som er trygge på seg sjølv. Forholdet er basert på jamvekt og gjensidighet. Når myndigheten til slutt klarer å presse Rearden til å overføre patentet for Rearden Metal til «folket», er det fordi «USSA» truer med at dei vil offentlegjere Reardens og Dagnys kjæresteforhold i pressa. Rearden veit at det ikkje vil være eit problem for han sjølv, men for Dagny, ettersom Dagny som kvinne i mannsdominert bransje tek meir skade av den type sladder.

Det er absolutt ingen stad i De som beveger verden at vold, brutalitet eller hentydningar til noko slikt er med i romantiske / erotiske scener.

Ein person som er vakkert portrettert, og som verkeleg får min sympati, er Cherryl Brooks. Cherryl er ei fattig jente som flytter inn til storbyen New York. Ho ønskjer å få mykje ut av livet, vil stå på eigne bein, og er interessert i samfunns- og næringsliv. Imidlertid vert ho trukke inn i eit sosialt miljø med subtil kommunikasjon, «kodespråk» og politiske hestehandlar. Cherryl er modig og gjev ikkje opp, men er ikkje tilstrekkeleg robust nok for den brutale urbane jungelen. Cherryl blir gift med James Taggart (dessverre), og ekteskapet blir ikkje som ho hadde håpa. Det er beskrive korleis Cherryl etter ein krangel med mannen, blir slått og fell overende med blod i munnviken [s. 995]. Dette er ikkje sexy.

Konklusjon

Harsviks påstand om at dei intime scenene i De som beveger verden inneheld vald, og at overgrep og voldelig sjalusi er sexy i Rands verden er direkte feil.

Faktasjekk # 16: The 1% Community?

Canary Wharf

Foto: Målgruppa for De som beveger verden er ikkje berre kvinnelige japper i finanskontora i Canary Wharf.

Påstand frå Harsvik

Kapitalistene fremstilles som nietzscheanske superhelter–ikke rart det masserer egoet og blir populært i de kretser.

Diskusjon

Harsvik ønskjer å framstille De som beveger verden som ei bok for ein elite som utgjer ein liten prosentdel av befolkninga. Begrepet «de kretser» kan være eit forsøk på å etablere ein konflikt mellom oss (folket, arbeiderklassen) og dei (borgerskapet, kapitalistane eller tilhengarar av objektivistisk filosofi).

Til begrepet «nietzscheanske»: Nietzsche er ikkje nevnt i De som beveger verden. Det er svært betenkelig at Harsvik aldri nevner den meir jordnære Aritoteles, ettersom den gamle greker er så sentral for Rand og De som beveger verden. Rand studerte filosofi, Nietzsche var på moten då Rand studerte og ho fann truleg ein del interessant der også. Men i De som beveger verden er både Gud og Nietzsche død. Leve Aristoteles. (Meir om filosofi under anna punkt.)

Kapitalistane i De som beveger verden er inga homogen gruppe, i kontrast til forrige århundres «progressive» framstilling av kapitalisten som ein tjukk mann med grisetryne, flosshatt og sigar. I De som beveger verden er det mange, kanskje fleirtalet av bedriftseigarane, som engstelig og lydig lar seg herse med av stadig strengare og meir absurde krav frå USSA-regjeringa. I tillegg er det mange industrieigarar, og nykommerar i næringslivet, som opportunt skor seg på myndighetenes intervensjoner. Stålprodusenten Orren Boyle er ein slik «crony capitalist», som held seg heile tida inne med myndighetene og bruker PR til å framstå med «Corporate Social Responsibility».

Er De som beveger verden også for oss som aldri blir direktør for eit jernbaneselskap, gjer oppfinnelsar, klatrer Mount Everest, komponerer vår femte symfoni eller blir kirurg på Rikshospitalet ?

Ayn Rands filosofi bør være for alle. Rand utfordrer deg til å tenke sjølv, til å stole på di eiga vurderingsevne og ditt eige moralske kompass.

Harsvik har rett i at heltane i De som beveger verden generelt er «greater than life». De som beveger verden er ikkje depressiv sosialrealisme / finsk fjernsynsteater. Heltane representer tildels idear presentert i personar. Til dømes tar ingen av heltane ut sjukmelding for influensa i løpet av romanen.

De som beveger verden argumenter for at kompromisslaus ærlighet og bruk av eigen fornuft, er vegen til lukke. Tre av «heltane»; Francisco, John Galt og norske Ragnar har studert filosofi under Hugh Akston. Akston uttaler til Dagny: «gjør ikke den feilen å tro at disse elevene mine er noen slags overmennesker …» «de er normale mennesker …» «det menneskelige er det rasjonelle». [s. 866]

Sjølv om svært få av oss makter å stige opp på «Mount Everest», har vi alle mulighet til å bestige mindre «toppar». Grunnlegger av forlaget som gir ut De som beveger verden i Norge, Erling Kagge, seier at alle kan bestige sitt personlige «Mount Everest». Kagge veit kva han snakker om.

Oppfordring frå John Galt at om å søke oppover, sjølv om du kanskje aldri når toppen:
«… skulle du dø uten å nå fram til fullt sollys, vil du dø på et platå solstrålene berører?» [s. 1175]

Oppfordring frå John Galt om velge eigen vurdering framfor vurderinga til autoritetar, ei oppfordring som taler spesielt til oss som ikkje er geniale, vakre og vellukka:

«Uansett hvor stor eller liten kunnskap du har, er det din forstand som må tilegne seg den. Det er bare din kunnskap du kan bruke». [s. 1118]

«Ikke si at du er redd for å stole på din forstand fordi du vet så lite. Er det tryggere å overgi seg til mystikere og kaste fra seg det lille du vet? Lev og virk innenfor grensene av din kunnskap og fortsett med å utvide dem til de blir grensene for ditt liv». [s. 1164]

«… en feil du har gjort selv, er bedre enn ti du godtar ved tro, for den første er det mulig for deg å rette opp, mens de andre ødelegger din evne til å skille sant fra galt». [s. 1164]

Konklusjon

Harsviks påstand om at boka dyrker Nietzsche-liknande elitisme er feil. Rand vil at du skal tenke sjølv, at du skal stole på din eigen vurderingsevne og ditt eige samvit.

Faktasjekk # 17: Den norske folkesjela

Aristoteles

Foto: Ifølge Rand er dette Filosof1.

Påstand frå Harsvik

«Det er en ekstrem ideologi som forfektes i hennes bøker og filosofi, et tankesett som står fjernt fra vår norske tradisjon. Her er vi vant med å se på hverandre som likemenn, og ikke på noen som utvalgte supermenn og -kvinner».

Diskusjon

Som drøfta under Harsviks påstand om «nietzscheanske superhelter», er det ikkje grunnlag for å hevde at De som beveger verden deler folk inn i ein elite av utvalgte supermenn og -kvinner, og deretter resten av oss. De som beveger verden anbefaler Aristoteles’ metodar som vegen til lukke. Du er ansvarleg for ditt liv. Logikk og fornuft er dine ledestjerner.

For dei som kjenner Platons metafor om Staten («Philosopher State» / «The Republic»), skisserer Platon eit samfunn styrt av ein elite beståande av menn med lang utdannelse i statsstyring / filosofi. Denne eliten av menn skal ta beslutningar som er til beste for folket. De som beveger verden tar klart stilling mot ein slik samfunnsorden, med bodskapen om at den enkelte skal tenke sjølv. På dette punkt passer Rands tenking godt saman med den norske uavhengighetstanken, jfr vårt nei til EU.

Under tidlegare punkt har eg vist korleis De som beveger verden viser god forståelse for HMS og jamstilling mellom kvinne og mann. Harsviks idealisering av fabrikken TCMC, dårleg forståelse av sunn bedriftskultur, og er garantert ikkje noko ideal for norsk arbeidsliv.

Eg håper eg har lukkast med å vise at Harsvik har kome med fleire påstander som er feil, og som dokumenter at han berre har lese enkeltutdrag av De som beveger verden, samt at han har vridd tekstar for å skape eit fiendebilete av Rand. Harsvik er her på klar kollisjon med norsk tradisjon for samfunnsdebatt.

Anti-dialog

I dagens Norge har vi mange stridsspørsmål. Men vi er einig om at desse spørsmåla skal løysast gjennom dialog, ikkje borgerkrig. Dialog innebærer at vi tar oss god tid til å sette oss inn i opponentens argumenter og høyrer eller les opponentens opplysningar. Det er naturlegvis sterke forskjellar mellom «aktivistane» i Blitz og kommunestyredebatt i mindre kommunar. Men i dei fleste saker er det dialog som gjeld. Harsviks innlegg representerer eit svik mot idealet om dialog.

Konklusjon

Ayn Rands tenking er ofte krast formulert, noko mange kan slite med. Men innhaldet er meir «norsk» enn først oppfatta.

Etter at Harsviks samling med påstander om De som beveger verden i vesentlig grad er tilbakevist er det grunnlag for å slå fast at De som beveger verden og Rands tenking høver godt i norsk samfunnsdebatt.

Harsviks presentasjon av De som beveger verden og Rands tenking er så feilaktig at det er eit svik mot norsk tradisjon der vi ønskjer å løyse samfunnsspørsmål gjennom konstruktiv dialog.

Faktasjekk # 18: Finale: Uriah Heep returnerer

Lilje og eføy

«Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein hauste druer av klunger eller fiken av tistlar? Eit godt tre ber god frukt, eit ringt tre ber ring frukt. Eit godt tre kan ikkje bere ring frukt, og eit ringt tre kan ikkje bere god frukt.» (Matteus, 7, 15–16)

«Revolutions, like trees, must be judged by their fruits» (Ignazio Silone, italiensk politiker og forfattar)

Tittelen på Harsviks artikkel er «Når godhet blir tyranni». Det følgjande avsnittet kaller eg «Når tyranni blir godhet».

Påstand frå Harsvik

«I en del av romanen treffer den usannsynlig vakre Dagny Taggart–direktør for et digert jernbaneselskap–en person som beskriver en fabrikk som styres i fellesskap av de som jobber der. Inntektene deles likt, allmøter er det styrende organet og arbeiderne har hensynet til hverandre som det bærende prinsipp. Dette utløser et voldsomt raseri hos Dagny–hun blir stående stille og skjelver bokstavelig talt av sinne. I boka heter det «Dagny hørte en kald stemme i sitt indre: Husk dette. Det er ikke ofte man møter ren ondskap–se på den, husk den. En dag skal du kalle det ved dens rette navn».

Diskusjon

Harsvik vil ha oss til å tru at dersom ei bedrift er styrt av arbeidarane etter demokratiske prinsipper, overskotet vert fordelt matematisk likt på alle tilsette, og der alle tilsette er ein stor lukkeleg familie, så er det, ifølge Dagny, Rand og alle tilhengarane av Rands ideologi, inkarnasjonen av det vonde.

For meg er det umogeleg å definere «ondskap», «det vonde» eller kva uttrykk vi velger. Men i vidare diskusjon bruker eg allikevel utrykk som «ondskap» eller «det vonde» utan å være presis / trygg på kva eg meiner. Felles oppfatning av kva som er vondt og godt, urett og rett, er sentralt i det som definerer ein kultur.

Den scena som Harsvik viser til, er når Dagny besøker den mektigaste leiaren, Ivy Starnes [s. 362], av den nedlagte fabrikken Twentieth Century Motor Company (TCMC) i Wisconsin [s. 318].

I forkant av møtet med Ivy Starnes har det skjedd ein del. Dagny og Rearden, som begge har teknisk kompetanse, har oppdaga ein uferdig prototype av ein ny motor med fantastisk potensiale [s. 334]. Dagny og Rearden søker til TCMC for å leite etter informasjon om designprinsipper og personar som kan ha kjennskap til motoren.

Dagny og Rearden køyrer gjennom områder i Wisconsin prega av nedgangstider, jfr diskusjon om (mangel på) reklameplakatar. Dei skal til Starnesville og TCMC. TCMC var ein fabrikk opprinneleg etablert av Jed Starnes [s. 328], og var hjørnesteinsbedrifta i den vesle byen Starnesville. Jed Starnes hadde tre arvingar; Ivy, Gerald og Eric [s. 359]. I forkant har Dagny og Rearden fått diverse informasjon frå tidlegare forretningsforbindelsar av TCMC, og har mistanke om ein usunn ledelseskultur.

Arvingane Ivy, Gerald og Eric Starnes valgte, saman med eit allmøte i bedrifta, å innføre nye «progressive» prinsipper for styring. Lik lønn til alle, og «alle etter evne, alle etter behov». Romanen fortel oss kva dette medfører, når prinsippa vert sett ut i livet.

På det tidspunkt TCMC endrer styring til såkalt arbeiderstyrt (eg bruker bevisst utrykket «såkalt»), var TCMC ein velfungerande fabrikk som leverte motorar til kundar fjern og nær og hadde 6000 tilsette. Men i løpet av 4 år går TCMC konkurs. Dagny og Rearden kjem til ein liten by som viser teikn på sosialt forfall; barn som kaster stein på bilen [s. 320], hus som ikkje er vedlikeholdt og folk som ikkje bryr seg med utsjånaden.

Dagny skjøner at Ivy Starnes med fleire har køyrt fabrikken som eit sosialt eksperiment, og apologetiserer det tragiske utfallet med idealistiske slagord og unnskyldningar. Eit urovekkande symptom er at Ivy Starnes og andre nøkkelpersonar uttaler at dei elska alle arbeiderane, men på forespørsel har dei problem med å hugse namn.

Når Dagny møter Ivy Starnes, har Ivy endra interesse frå samfunnsengasjement til austleg filosofi/religion og presenterer seg som «anti-materialist». Dagny og Rearden ser det tragiske resultatet av TCMCs og Starnesvilles fall, og høyrer uttalelsar frå tidlegare ledelse som blander irrasjonalitet, unnskyldningar, idealisme på villspor og mangel på sjølvkritikk og vilje til å ta ansvar. Når Dagny får frysningar på ryggen og hennar indre stemme fortel at dette er ondskap, er det noko eg er heilt einig i.

Harsviks påstand om at inntektene blir delt likt, er ikkje korrekt. Med «inntekt» antar eg at Harsvik meiner resultat etter at utgifter er betalt. Rett nok har dei tilsette likelønn, men overskotet (så lenge det varer) blir fordelt «etter behov» der eit allmøte er beslutningsorgan. På allmøtet er det ikkje «ein mann, ei stemme», men derimot enkeltpersonar som har uforholdsmessig stor makt. Alle er like, men nokon er likare. Ivy Starnes, med tittel «distribusjonsdirektør», bestemmer i realiteten mest, og ho utnytter denne makta på despotisk vis.

Prinsippet om likeløn medfører til dømes at ein ufaglært person rett frå gata har same løn som ein mekaniker med fagbrev og solid erfaring. Meiner Harsvik dette er i samsvar med norsk oppfattelse av rettferd? Forsknings- og utviklingsavdelinga opplever naturleg nok stor avgang av dyktige folk; hjerneflukt. Men dei «progressive» Starnes-arvingane innser ikkje at personalpolitikken og øvrig styring er hårreisande [s. 363] og vil lede til undergang.

Prinsippet om «alle etter evne», og allmøtene, medfører at folk kan bli pålagt å arbeide overtid som straff dersom allmøtet (dominert av Ivy Starnes) bestemmer det. Når arbeiderane såleis i høg grad mister innflytelse over organisering av eigen arbeidssituasjon, skaper det mistrivsel og medfører smisk og manipulering. Allmøteforma i TCMC som instrument for å pålegge overtid og styre den enkeltes arbeidsdag, medfører at den enkelte arbeider blir umyndiggjort. Umyndiggjering av arbeidstakerane er ellers i strid med den norske arbeidsmiljølova (AML) og AMLs krav om at kvar enkelt skal ha innflytelse over eigen arbeidssituasjon. TCMC praktiserte ubetalt overtid, medan AML krever at overtid er betalt og med minst 40 prosent tillegg. Dette som apropos til Harsviks påstand om at Rand står fjernt frå norsk samfunnskultur.

Når dei tilsette skal motta deler av overskotet «etter behov», oppstår det store problemer med å bestemme kva som er den enkeltes behov og prioritering. Dette medfører at dei tilsette delvis må spele skodespel og tigge, og er ein audmjukande del av livet i TCMC.

I Charles Dickens’ David Copperfield møter vi romanfiguren Uriah Heep, ein slu manipulator skjult bak ein audmjuk væremåte. Litt forenkla er Ivy Starnes og Uriah Heep «tvillingar». Harsvik har ikkje forstått Ivys ondskap, fordi Harsvik ikkje har teke seg bryet med å lese romanen nøye. Harsvik er difor uheldig nok til å presentere Ivy Starnes som eit godt menneske! Harsviks neste trekk er så å framstille romanfiguren Dagny som demonbesatt, då Dagny får frysninger av Ivy Starnes. Denne scena er «høgdepunktet» i Harsviks karaktermord på Dagny og Ayn Rand.

Arbeidereigde bedrifter?

Ein digresjon er at mange av Rands tilhengarar gjerne vil at dei tilsette skal eige deler av eiga bedrift, gjennom aksjer. Ansatte som aksjonærar kom for fullt ca. 1980 og utover, og er vanleg også i Norge. Dette nevnt, så det er klart at Rands filosofi absolutt er positiv til tilsettes medbestemmelse både i drift og eigarskap.

Bestemor på anbud?

Underteikna meiner at det generelt er fornuftig å sikre konkurranse om å levere produkter og tenester til helseformål, ettersom det medfører lågare kostnader og betre kvalitet. Å sette bestemor på anbud betyr ikkje at du kynisk, men at du er fornuftig. Det beste er sjølvsagt å la bestemor sjølv være med å bestemme.

Harsvik framstiller TCMC som eit arbeiderparadis, som det er vondskap å meine noko vondt om, jfr. Dagnys reaksjon. Ein av dei tilsette, dreieren Jeff Allen, fortel at ettersom det vart mindre inntekter å fordele på allmøtene, vart prioriteringane hardare og «behovbegrepet» innsnevra. Ei hyggeleg eldre kvinne brakk lårhalsen i kjellertrappa, og måtte ha ein kostbar operasjon. Bestemor kom ikkje på anbud. Ho vart i følgje Allen truleg myrda for å unngå kostnader for fellesskapet, og Allen innrømmer at han vart glad at dama døydde [s. 736].

Av omsyn til Harsvik og hans utfordringar med å omsette engelsk til norsk (jfr Google Translate), vil eg nevne at «Ivy» betyr «eføy».

Konklusjon

  • Harsviks beskrivelse av «fabrikken som styres i fellesskap» er ekstremt mangelfull og til dels eksplisitt feil.
  • Inntektene deles ikkje likt, men etter «behov». Alle er like, men nokon er likare, til dels veldig mykje likare.
  • Verksemda går konkurs med 6000 tilsette, og lokalsamfunnet lir økonomiske og sosiale tap.
  • Harsviks behandling av original tekst og påfølgjande demonisering av Dagny (og derigjennom Rand), er eit brutalt overtramp mot alle normer for debatt.
  • Personen som Dagny meiner er vond, og Harsvik portretterer som ein snill idealist, heiter Ivy Starnes. Nærmare kjennskap til denne personen, skisserer ein despot.
  • Ivy Starnes kan enkelt seiast å være tvillingsøstra til Uriah Heep frå Charles Dickens’ David Copperfield.
  • Retorikkeksperten Harsvik har gjort tyranni til godhet.

Dersom du har tips eller tilbakemelding til underteikna i denne saka, er eg naturlegvis interessert. Vennlegast send en e-post.


Vil du vite mer om hva Ayn Rand faktisk sto for? Ta en titt på kunnskapssiden på AynRand.no.